Lyrics to Kjærleik
Eg vil ikkje vera slave! kjærleiken er ingen klave du bitt ikring ei kvinnesjel Kjærleik er å vilja vel! Eg vil ikkje la meg eige. Du kan ingen hjarto leige. Eg er`kje noko som du stel. Kjærleik er å vilja vel! Elsk meg, elsk meg med det gode, det som ligg i manneblodet. Det er`kje nett når hanen gjel. Kjærleik er å vilja vel! Har du nokon hjartekjære, elskar du med all di ære. For elskhug er som bråe e`l Kjærleik er å vilja vel! Eg vil livet atterføde. liksom jorda bera grøde. Så elsk meg ikkje beint ihel. Kjærleik er å vilja vel!




Songwriters:
Publisher:
Powered by LyricFind